Nasjonalpark: Folgefonna nasjonalpark

Folgefonna nasjonalpark

599 km2 | Verna i 2005 | Frå fjord til hÞgfjell | Isbrear | Enkel tilrettelegging

I Folgefonna nasjonalpark kan du bevega deg frå lune fjordarmar i Hardanger, gjennom opne dalar med fossande elver, forbi blågrÞne brefall og opp på hÞgfjellet med utsyn over platåbreen Folgefonna. Det er eit svÊrt variert landskap som ligg innanfor eit avgrensa geografisk område. Her kan du stå på ski frå hÞge fjell eller på fonna om fÞremiddagen, og bade i fjorden på ettermiddagen.

Her er det nokre godt tilrettelagde områder med stiar og turisthytter, eller du kan gå langs umerka trakk i krevjande terreng. Det storslagne landskapet gjer at både den som går på dei hÞgaste fjella eller den som vandrar i furukledde dalar får store opplevingar.

Kvart år kjem det rundt 5500 mm nedbÞr på dei hÞgaste delane av Folgefonna, og det meste kjem som snÞ. SnÞen vert omdanna til breis, og bevegar seg sakte nedover medan den formar landskapet under seg. Spor etter isbreane og den spanande geologiske historien finn vi overalt på FolgefonnahalvÞya. Denne historien kan ein mellom anna oppleve i steinparken i Rosendal eller Geostien frå Nordrepollen til Botnabreen.

Bilde av Bondhusvatnet, Sundal, Kvinnherad - Vestland - FOTO av; Kenneth Hauen - Naturfoto og Landskaps foto

Bondhusvatnet – Folgefonna – Bondhusdalen

Opplevelser

Med eit svÊrt variert landskap frå fjorden og opp til toppen av Folgefonna vil du alltid finne noko å oppleve, året rundt. Her kan du gå på ski over platåbreen eller stå på ski frå hÞge fjell. Om sommaren kan du gå på brevandring på spennande brearmer, padle kajakk på fjorden eller gå på hÞge fjell med utsyn over fjord og fjell. Her er det godt tilrettelagde områder for dagsturer og store opplevingar.

Planter- og Dyr

Mellom fjorden og breane finnes isdekt mark, lune furuskoger og gamalt beiteland, ein stor variasjon i ulike Þkosystem der kvart område har sine karakteristiske arter. Hjorten er talrik i dalane og liane innover i fjorden. I hÞgfjellet finnes nokre få hardfÞre arter, medan den kalkhaldige bergrunnen rundt Skjeggesnuten og Sauanuten har ein rik fjellflora.

BesÞkssenter Folgefonna nasjonalpark

BesÞkssenter Folgefonna nasjonalpark er ein del av det nye Folgefonnsenteret i Rosendal. I den interaktive utstillinga frå 2017 kan du lÊre mykje spennande om Folgefonna nasjonalpark, livet i Hardangerfjorden og klimaendringane. I den vakre Steinparken, berre ti minuttars gang frå senteret, kan du sjå og lÊre meir om geologien i nasjonalparken.

 

Kilde: norgesnasjonalparker

Innhold