Nasjonalpark: Jostedalsbreen nasjonalpark

Jostedalsbreen nasjonalpark

1 314 km2 | Verna i 1991 | Isbre og fjell | Tilgjengeleg for alle | Den største isbreen på det europeiske fastlandet

 

Jostedalsbreen byr på naturopplevingar du aldri vil gløyme. Å sjå den blå isen og få vite korleis landskapet blir forma av is, stein og vatn gjev deg kjensle av å være liten i det store biletet. På det store breplatået stikk høge fjelltoppar opp. Jostedalsbreen byr på stillheit og stjernehimmel, samtidig som det aldri blir heilt stille. I dei grøne og frodige stølsdalane har beitedyra forma landskapet i mange generasjonar. På varme sommardagar byr liene nedunder breen på fuglesang, summing frå insekter og blomsterprakt.

Jostedalsbreen er av dei største områda med villmark i Sør-Norge. Her vitnar du korleis klimaendringane påverkar landskapet. Nasjonalparken er tilrettelagt for alle brukargrupper, og variasjonen i opplevingar kan skape entusiasme hos liten og stor.

 

Opplevelser

Vårskitur på Jostedalsbreen gir opplevingar langs heile høgdegradienten frå den grøne og frodige dalbotnen til det kvite breplatået. Frå juni til september kan du gå dagstur på godt tilrettelagde stiar i dalføra, og du kan oppleve beitande dyr i kulturlandskapet. Vil du ha god utsikt kan ein tur til Hoven, Bøyabreen og Nigardsbreen være verdt turen!

 

Geologi

I Jostedalsbreen nasjonalpark ser du korleis landet blir bygd, dag for dag. Isbreen former fjellet og set spor på underleg vis. Morenar er eitt av mange spor etter breen sin tilbaketrekking, og gradvis veks det til med planter og tre. Området er prega av vatn i fri flyt! Du ser små sildrande bekker, høge fossefall og buldrande elvar. Dyrelivet treng den store variasjonen i naturen for å overleve.

 

Besøkssenter

Nasjonalparken har tre autoriserte besøkssenter der du kan sjå, lære og oppleve meir om natur, klima og lokalsamfunn: – Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn, med steinpark, botanisk hage, og tema innan ras og skred. – Norsk Bremuseum i Fjærland, med utstilling om bre og klima, ny film i stort format og uteaktivitetar for barn. – Breheimsenteret i Jostedalen, med naturopplevingar som rafting og brevandring, og utstilling om klimahistorie.

 

Kilde: norgesnasjonalparker

 

Innhold