Nasjonalpark: Reinheimen nasjonalpark

Reinheimen nasjonalpark

1 969 km2 | Verna i 2006 | Villmarksprega fjellområde | Villreinen sitt rike | Lite tilrettelegging

Reinheimen er eit av dei største urørte høgfjellsområda i Sør-Noreg, der villmark med spor etter gamal fangstkultur pregar fjellområdet. Dei høgste fjella er over 2 000 moh., medan det lågaste punktet ligg i Romsdalen ca. 130 moh. I sør og aust er terrenget slakt med avrunda formar, vidder og rolege flyer. Her har området stor verdi for jakt, fiske og beitebruk, og er i liten grad tilrettelagt for turistar. I Tafjordfjella, vest i nasjonalparken, er terrenget brattare, og tilrettelagt med merka turstigar og overnattingsmoglegheiter på turisthytter. I nordvest er landskapet dramatisk med Trollstigen og dei bratte Trolltindane, der Trollveggen er kjent som ein av Europas høgaste loddrette klatrerute, 1700 meter opp frå dalbotn.

Nasjonalparken har mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Reinheimen er særleg rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten, med fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar til fangstfolka. Landskapsvernområda er verdifulle kulturlandskap, med rikt artsmangfald knytt til seterdrift, slått og beitebruk.

Opplevelser

Sommar og haust er ei fin tid for fjellvandring, og området kan by på rike naturopplevingar til fots, men du bør setje av god tid, da det er store avstandar. Dagsturar er også mogleg. Gode alternativ til dagsturar er å besøke innfallsportane som til dømes Billingen i Skjåk, Tussheim på Lesja, Tunga bru i Brøstdalen (Rauma), Trollstigen i Rauma og Zakariasdammen i Tafjord.

Villrein

Villrein har sitt leveområde i heile nasjonalparken, godt tilpassa livet i høgfjellet. Vinterstamma er på ca. 2000 dyr, og er av dei mest produktive i landet. Med intakte funksjonsområder er Reinheimen ein del av dei siste store villreinområda i Europa. Villrein er sårbar for uro og menneskeleg ferdsel, særleg vinterstid og i kalvingsperioda. Rein har fenomenal luktesans, og med rett vindretning lukter den oss på fleire km. Om du skulle møte på villrein, nyt synet, trekk deg unna, og hald god avstand! Respekter bandtvang, og hald hunden under kontroll.

Besøkssenter Reinheimen nasjonalpark

Norsk fjellsenter ligg i nasjonalparklandsbyen Lom, omkransa av tre nasjonalparkar – Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Norsk fjellsenter er autorisert besøkssenter for nasjonalparkane, med utstillingar og informasjonsløysningar. I utstillinga «Bergtatt» kjem du tett på landskapet, naturmangfaldet i nasjonalparkane. I tillegg kan du oppleve Reinheimen i ei separat utstilling med villrein som hovudtema. På Norsk fjellsenter får du også tips om turar og aktivitetar frå Lom sentrum og til nasjonalparkane. Du kan og lære meir om Reinheimen på Norsk Tindesenter, som ligg i Åndalsnes.

Kilde: norgesnasjonalparker

 

Innhold